Liv Karen Lærdal (f.v.), Svein Børresen, Kristin Tellefsen, Inger Ødegård Opsahl, Ingfrid Rønnevik og Marianne Hallingstad ved Sandeid bufellesskap.
SVEIN-ERIK LARSEN
Glad for at han tok steget til ein ny kvardag
— Eg har blitt tatt veldig godt imot på arbeidsplassen og
har følt meg velkomen, seier Svein Børresen.
Han kom inn på denne yrkesvegen gjennom programmet «Menn i
helse», og har vore lærling i to år. Først jobba han berre ved bufellesskapet i
Sandeid, som er eit kommunalt bufellesskap med seks husvære der brukarane
betalar husleige. Etter kvart begynte han også å jobbe på Sandeidtunet, som er
eit burettslag med fem husvære som brukarane eig sjølve, og der dei betalar
fellesutgifter.
På Sandeidtunet er det per no fire bebuarar, og i
bufellesskapet er det fem.