Saunagjengen bak frå venstre Jan Zagermann, Nina Aliana Bauge og Kristian Risanger. Framme frå venstre Tiril Reed, Morten Eiknes, Vendel-Agathe Skartland-Hide og Jacob Berntsen.
Nils Tokheim
Bygda responderte
Etter den storstilte satsinga med musikalen «We will rock you» i fjor, var det i år tur for klassisk revy i Skjold. Nokre av skodespelarane har tatt seg eit pauseår, men andre dukkar opp.
Ny som regissør var Trude Gullhaug. Ho fekk velfortent applaus etter premierekvelden, og har vore sterkt delaktig som tekstforfattar òg.
Som ofte i ein revy er det enkeltståande innslag. Dermed var et ingen person som hadde hovudrolla i revyen med namnet «Komplett skjoldabu». Kjende fjes som Morten Eiknes og Kjetil Ohm går att, og det er berre å håpa for UL Skjoldafjord at Vendel-Agathe Skartland-Hide vil fortsetja å ta turen til Skjold frå Vikebygd for å vera med i revy- og teatermiljøet begge stader. Likevel, det er ikkje ein einaste skodespelar i årets revy som ikkje gjer ein framifrå innsats.