Ingrid Johannessen (f.v.), Anne Gunhilde Oma, Elling Hetland, Jan Rolfsnes, Bente S. Sandsgård, Marianne Cederløv, Torbjørn Hamre og 7 år gamle Amund Våge var blant dei mange som deltok på dugnaden torsdag.
SVEIN-ERIK LARSEN
Folkeleg krafttak for ny skule
— Det er
veldig kjekt å vere med. Her er folk frå over 80 år til små ungar, seier Ingrid
Johanessen, som var med og mala torsdag ettermiddag og kveld.
Skulebygget er under gjenoppbygging og skal etter
planen stå klart i mai, før skulestart hausten 2026. Det er søkt plass for 31
elevar frå første til sjuande klasse.
Gjennom februar har det vore dugnad kvar dag.
Først blei det gamle skulebygget rydda før loppemarknad, deretter vart store
delar rivne for å gi plass til oppgraderingar.