Haugaland og Sunnhordland tingrett
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dømt for råkøyring – mista lappen i eit halvt år
Hendinga
skjedde ein laurdag kveld i desember 2024 i Skjold. Mannen blei stansa av
politiet etter ei fartsmåling som viste at han køyrde 52 km/t der fartsgrensa
er 30 km/t.
Under
hovudforhandlinga nekta mannen straffskyld. Han forklarte at han meinte han
køyrde maksimalt 35 km/t, og hevda målinga måtte vere feil. Mannen peikte
mellom anna på at bilen var senka og hadde fleire passasjerar, og at vegen var
ujamn som etter hans syn gjorde det lite truleg at farten var så høg.
Politibetjenten
som gjennomførte målinga forklarte i retten at målinga blei gjort etter
gjeldande instruks, og at han var sikker på resultatet. Retten la vekt på denne
forklaringa, samt loggen frå målinga, og fann ikkje grunn til å tvila på at
farten faktisk var 52 km/t.