Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Trenar Geir Havreberg (f.v.) med utøvarane Annika Tökés Krokå, Jan Filip Jensen, Odd Inge Berge, Arianah Archival Thorstad, Frode Haaland og Hans Kristian Havreberg.

God medaljefangst i NM

Publisert

Meisterskapet blei arrangert i Timehallen på Bryne av Bryne karateklubb i samarbeid med Gandsfjord karateklubb og Norges Kampsportforbund.

For Etne Kyokushin Karateklubb sin del blei medaljefangsten som følgjer: Odd Inge Berge tok gull i fight, Hans Kristian Havreberg tok gull i både kata og fight, Annika Tökés Krokå tok sølv i kata og gull i fight, Arianah Archival Thorstad tok sølv i fight, Jan Filip Jensen tok bronse i fight, og i tillegg tok laget, beståande av Hans Kristian Havreberg, Odd Inge Berge og Frode Haaland, bronse i lagkata.

I ein e-post skriv Havreberg at resultata viser at klubben framleis held seg heilt i toppen nasjonalt. Han poengterer at klubben er liten i storleik, men likevel klarer å levere sterke prestasjonar mot langt større klubbar. For utøvarane og klubben betyr dette mykje. Bak medaljane ligg det mange timar med trening, både i dojoen i Etne og gjennom målretta arbeid over tid.

Powered by Labrador CMS