Politiet etterforskar ei arbeidsulykke i denne høyspentmasta.
Politiet
Har opna tilsynssak etter dødsulykke
Arbeidstilsynet har oppretta tilsynssak etter den
alvorlege arbeidsulykka som skjedde under arbeid på kraftlinja
Blåfalli–Gismarvik. Politiet arbeider framleis med etterforskinga, og
ferdigstiller no rapporten etter dei tekniske undersøkingane, ifølgje
Europower.
Tilsynssaka skal kartlegga kva som skjedde og om
arbeidet blei utført i tråd med gjeldande regelverk.
— Dette er for å avklara hendingsforløpet som
leidde til ulykka, undersøka årsaksforhold og om det ligg føre brot på
arbeidsmiljøregelverket, seier seksjonsleiar Kjersti Marie Gjerd i
Arbeidstilsynet i ein e-post til kommunikasjonsavdelinga i Europower.