To er blitt til éin klinikk
To tannlegar, tannpleiar og tannhelsesekretærar i Ølen og Sandeid er slått saman til ein ny klinikk kloss ved europavegen i sentrum av Ølen. Innflyttinga har gått sin gang og denne veka var det klart for å ta imot dei første pasientane primært frå Bjoa og innover kommunen til Imsland.
Og det er plass til fleire sidan klinikken har fem fullt utstyrte behandlingsrom.
— Her er det plass for vekst og utvikling, og det er flott, seier tannlege Birute Ropeid.