Tispe med løpetid i Vågshagen
Dei siste dagane har eg hatt friarar på døra jamt og trutt. Det er snart […]
Dei siste dagane har eg hatt friarar på døra jamt og trutt. Det er snart ikkje ein kvadratcentimeter igjen av tomta kor det ikkje er hundepiss, det same gjeld blomsterurner og hushjørne. Sjølvsagt kan ein hund stikke av i ny og ne, det kjenner alle til. Det som undrar meg er når hunden er borte fleire døgn i strekk, vil han ikkje då verta sakna av eigaren? (Eit halsband med tlf nr er lurt..)
Visst er hunden min flott, og vel verdt å vente på, men dessverre her er det eg som bestemmer! Eg er ikkje klar for å bli mormor», sorry. Saknar du ein flott, rein og lydig bordercollie, så finn du han sikkert her hos meg, utanfor døra til vaskerommet!
Anne Karin Nøkland Berge