Eit kjent vårteikn har dukka opp på Eikemo og viser at me går mot lysare tider.
— Søndag såg me starten her og det er svært tidleg. Vanlegvis pleier den koma i midten av mars eller litt seinare, fortel Geir Arne Eikemo, éin av tre fastbuande i den veglause grenda på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune.
Eikemo har også dei siste dagane hatt besøk av ein liten flokk sidenssvans, også det ein trekkfugl. Ifølgje Store norske leksikon er dette ein utprega invasjonsfugl som kan variera stert i tal frå år til år.