I 2016 vedtok NVE fordeling av konsesjonsavgifter og konsesjonskraft for vasskraftverket Blåfalli Vik. Avgjersla ble påklaga av Etne kommune, men ti år seinare ventar dei framleis på saksbehandlinga. — Denne saka har tatt altfor lang tid, og det beklagar me, uttalar NVE sin direktør for energi- og konsesjonsavdeling, Inga Nordberg, til Europower.
NVE
Vasskraft
Ti år utan svar på klage om kraftvedtak
Det har skjedd mykje i verda sidan våren 2016. Det
var året då Parisavtalen blei signert, britane stemte for å forlata EU og
Donald Trump vann det amerikanske presidentvalet for første gong. Samtidig som desse
internasjonale hendingane prega nyheitsbilde, sende Etne kommune inn ei formell
klage på eit vedtak frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). No, nesten
ti år seinare, opplyser direktoratet at saka endeleg er under sluttbehandling –
og dei beklagar at ho har blitt liggande så lenge.
Klaga på fordeling