Frå og med 1. januar vil det berre vere lov for utanlandske bussar å køyre med passasjerar på norske vegar maksimalt 20 dagar i strekk og maksimalt 30 dagar i året. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Frå og med 1. januar vil det berre vere lov for utanlandske bussar å køyre med passasjerar på norske vegar maksimalt 20 dagar i strekk og maksimalt 30 dagar i året.

Strengare reglar for utanlandske turbussar i Noreg

Publisert Sist oppdatert
Regjeringa strammar inn kabotasjereglane. Målet er å få bukt med sosial dumping i transportsektoren.

Kabotasje er transport mellom to stader i ein annan stat enn der transportøren høyrer heime. EØS-reglane opnar for at transportørar frå EU/EØS-land kan utføre kabotasje med turbuss på mellombels basis, men omgrepet mellombels» er ikkje nærare definert.

Noreg har derfor i lang tid hatt problem med at turistar blir frakta rundt i heile landet av utanlandske sjåførar og bussar til ein rimeleg penge, noko som truar den norske turbilnæringa.

No strammar regjeringa inn. Frå og med 1. januar vil det berre vere lov for utanlandske bussar å køyre med passasjerar på norske vegar maksimalt 20 dagar samanhengande og maksimalt 30 dagar i året, skriv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

Følgjer EU-klinsj tett

I Danmark vart ei liknande lov innført i 2019, noko som har ført landet på kollisjonskurs med Brussel. EU-kommisjonen har stemna Danmark for EU-domstolen på grunn av den danske tolkinga av mellombels kabotasje.

Samferdselsdepartementet seier dei følgjer saka tett, og at dei vil komme danskane til unnsetning om det trengst, og argumentere for at det er nasjonalt handlingsrom på området.

– Det er forskjell på Noreg og Danmark geografisk. Vi har lagt oss på eit nivå som er strengare enn dei reglane EU har godkjent, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til FriFagbevegelse.

Han seier at det viktigaste for regjeringa har vore å sikre at det blir like konkurransevilkår for norske og utanlandske busselskap.

– Veldig fornøgd

Avgjerda tysdag møter jubel i Fellesforbundet.

– Vi er veldig godt fornøgde med det vedtaket regjeringa no har gjort. For oss har det viktigaste vore at omgrepet mellombels» blir definert, seier forbundssekretær Dag-Einar Sivertsen til FriFagbevegelse.

Saka om kabotasje i turbussbransjen har vore oppe i Stortinget ved fleire høve. I februar fremja Raudt eit forslag om å innføre dei danske kabotasjereglane for turbuss.

Landsmøtet i Fellesforbundet vedtok eit tilsvarande forslag i oktober.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS