Storutbygging i Litledalen
Haugaland Kraft investerer stort i nye anlegg i Etne.
Styret i Haugaland Kraft sa i går ja til å investera fleire hundre millionar kroner anlegga i Etne. Dei første anlegga i Litledalen er frå tidleg 1920-åra og er meir enn modne for modernisering.
— Dette er ein historisk milepæl i selskapet sin historie, uttalar administrerande direktør i Haugaland Kraft, Olav Linga til Grannar.
Bygger nytt
Valet kraftselskapet nå stod ovafor var om dei skulle flikka på det gamle eller byggast nytt.
— Styret valte det siste som inneber nybygg med ei full oppgradering, seier Linga.
eit historisk vedtak
Han legg til at fornying er viktig for Haugaland Kraft si langsiktige satsing på fornybar vasskraftproduksjon. Vedtaket inneber eit stort løft for selskapet, både økonomisk og ressursmessig, seier han.
Fleire alternativ
Vedtaket går ut på å bygga ny eller nye kraftstasjonar med tilhøyrande vassvegar. Planen er å ha dei nye anlegga i drift innan utgangen av år 2020.
— Dette tidspunkt gir tilstrekkeleg perspektiv i planleggings- og byggefasen, samt sikrar grøne sertifikat på mulig meirproduksjon. Meirproduksjonen utgjer for 20-25 GWh. Dagens normalproduksjon er 212 GWh, uttaler selskapet i ei pressemelding tysdag ettermiddag.
Arbeidet startar nå med å innhenta nødvendig konsesjon og utarbeida dei ulike utbyggingsalternativa. Haugaland Kraft forventar at konsesjon vil føreligga i år 2014-15. Dernest fylgjer ein periode med detaljprosjektering og innhenting av tilbod.
Styret forventar endelig investeringsvedtak i 2016 med ein påfølgande byggeperiode frå 2017-20.
Les meir om saka i torsdagens papiravis/eavis av Grannar.