Landbruk
Stortrivst som bonde og hestelærar
I 2018 flytta Amalie Ersland Hellås (28) med sambuar Trygve Eide (30) og familien til Ølensvåg. Her nyt ho gardslivet og held fullbooka ridekurs for barn.
— Å drive gard i Ølensvåg er fint. Her har me mange gode naboar, seier Amalie Ersland Hellås.
Ho eig garden saman med mora Anita Ersland. Faren Arvid Hellås og sambuaren Trygve Eide er også med på gardsdrifta. Ersland Hellås og familie flytta til Vindafjord frå Sandvoll i Kvinnherad, mens Eide kjem frå Husnes i same kommune.
Mange investeringar
På garden møter ein eit breitt spekter av dyr. Her er det fleire høner, to kattar, fire hundar og ni geiter, samt kyr, grisar og hestar som har større fasilitetar dedikert til seg. I grisehuset er det 250 slaktegris samtidig. 850 gris er innom i løpet av året-
I ammekufjøset deira er det i dag er det 13 mordyr av typen angus, ni kviger, nokre stutar og ein del kalvar. Når alle kalvane frå årets kull blir født vil det bli 13 av dei. Sju hestar har boltreplass på to eigne uteområde, ein stall og banen kor Amalie Ersland Hellås har rideundervisning.
— Me har investert mykje og har framleis fleire prosjekt på gang, fortel Trygve Eide.
Det som i dag er eit ammekufjøs har vore høytørke- og redskapshus fram til i fjor. Sjølve fjosen med plass 23 mordyr er ferdig, mens gardskontoret framleis er under bygging.
I samband med at dei skal legge om til SPF-gris (spesifikk patogenfri), som er den høgaste statusen ein svinebesetning i Noreg kan ha, skal dei bygge om litt på grisehuset.
For tida er dei midt i bygginga av eit nytt uteområde til hestane. Det skal bli eit såkalla Paddock Paradise, eit konsept som handlar om å tilby hestane eit liv med mykje bevegelse på eigne premiss. Den første delen av den nye hesteuteplassen er tatt i bruk, og resten satsar dei på å få ferdig i løpet av sommaren.
I tillegg til tradisjonell gardsdrift har dei rideundervisning og dei sel GPS og autostyring til traktorar gjennom Gjerdevik Landbruk.
Eide omtalar livet på garden som fint og arbeidsamt, men understrekar at det er frykteleg dyrt. Alle vaksne der har jobb utanom gardsdrifta.
God respons
Amalie Ersland Hellås og Anita Ersland arrangerer også rideundervisning, der deltakarane er med å gjer hestane klare i stallen før dei går ut på banen og rir. Søstrene til Amalie Ersland Hellås, Astrid og Alice Ersland Hellås er med på leiing av hestane og andre ting som må gjerast. Dei har drive med ridetimar i to år. Til påsken i fjor stod ein 20×40 meter stor ridebane klar.
— Banen er veldig god. Den følgjer måla den skal og har fin og mjuk sand, seier Amalie Ersland Hellås.
I tilleg til rideundervisning har dei også to forrytterar. Dei har sin eigen» hest ein eller to dagar i veka, der dei har alt ansvar for hesten på deira dag.
Frå påsken og fram til sommaren er det tre grupper på nybegynnarkurs som er fulle. Gruppene består av tre deltakarar som kjem til garden på kveldane. Her er dei med å salar og børstar hestane i stallen, før dei går ned på banen og rir. Til slutt avsalar dei hestane igjen. Ersland Hellås likar godt å ha undervisninga og har inntrykk av at deltakarane trivst også.
— Alle barna som har begynt her har heldt fram, fortel Ersland Hellås.
God framgang
Denne kvelden er det Hanna Sørhus (10), Hedda Solberg (7) og Sigrid Hornenes Sørheim (13) som har tatt turen til Ølensvåg. Mens dei gjer hestane klare fortel alle at dei likar seg godt på rideundervisninga. Den eldste av dei tre hestane som var i aksjon denne gongen, 22 år gamle Gypsy Queen, fekk Ersland Hellås i gåve på åtteårsdagen sin. Solberg ridde denne, Sørhus tok ansvar for den tidlegare travhesten Romero M.L (15), mens Hornenes Sørheim ridde Vaage Vilja (7).
Ein ser både i stall og på ridebane at Sørhus, Solberg og Hornenes Sørheim likar seg godt med hestane. På banen følgjer dei kjegler og sørger for å halde den nødvendige avstanden. Ersland Hellås gir instruksar undervegs, og er godt fornøgd med innsatsen.
— Eg ser god framgang på dei. Det er kjekt å sjå at dei begynne å få ting til, avsluttar instruktøren.