Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Stortrivst i fjøset

Publisert Sist oppdatert

To helger i månaden er det dei to 18-åringane Iselin Vannes og Amelia Jensen som styrer ståket i fjøset til bonde Severin Fatland i Vats. Dei passar på at kyr, kalvar og stutar får godt stell, nok mat og at mjølkeroboten verkar som den skal. Jobben som avløysar står i stor kontrast til skulekvardagen ved Karmsund vgs. i Haugesund der tannhelse og interiør står på timeplanen, men for dei to dyreglade og arbeidsame unge damene gir det både glede og meining å ha ansvar for at dyra har det bra.

— Me er veldig glad i dyr og me synest jobben er kjekk. Me gjer nesten alt av arbeid, men fôring med traktor gjer me ikkje, seier Iselin og Amelia.

Arbeidsdagen startar som oftast med å sjekka at alle mjølkekyrne har vore innom roboten for å bli mjølka. Dersom ei ku eller to har hatt problem med mjølking må dei trø til for å hjelpa.

Powered by Labrador CMS