Nortura merkar sterkt konkurranse frå svenskehandel og kjedeprodukt. Men prisauken på energi og transport er hovudårsaka til at resultatet for første tertial er dårleg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nortura merkar sterkt konkurranse frå svenskehandel og kjedeprodukt. Men prisauken på energi og transport er hovudårsaka til at resultatet for første tertial er dårleg.

Stort underskot i Nortura

Dei fire første månadene i år fekk Nortura eit underskot på 184 millionar før skatt. Auka kostnader og mindre innanlands etterspurnad er årsakene.

Publisert Sist oppdatert

Første tertial er vanlegvis det svakaste for Nortura, men resultat i år er 117 millionar svakare enn i same periode i fjor, skriv Nationen.

Selskapet skriv i tertialrapporten at den innanlandske etterspurnaden har falle som følgje av opnare grense mot Sverige og fleire utanlandsreiser. Sjølv om Nortura auka marknadsdelen sin i perioden, gjekk det samla sluttmarknadssalet ned med om lag fem prosent. Samtidig er den markante prisauken på energi, transport og andre innsatsfaktorar hovudforklaringa på resultatsvekkinga, heiter det.

Nortura er også bekymra for veksten i kjedene sine eigne merkevarer, såkalla EMV. 80 prosent av kjøttdeigprodukta som blir selde, er no EMV, og Nortura ser ei liknande utvikling for egg, der EMV-delen no er 49,4 prosent.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS