Etne kommune overtek skuleseksjonen (den kvite delen av bygget). Det er klart etter eit vedtak i fylkestinget tysdag.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Storstova engasjerer
Marit Matre Birkenes har gjennom eit innlegg på Facebook eit innlegg med oppmoding om å slå ring om det konkurstrua Skakkesenteret, etter oppslaget i Grannar i måndagsavisa.
Innlegget har fått stor respons og resultert i ein innsamlingsaksjon via Vipps-konto i Etne Sparebank.
Matre Birkenes skriv blant anna: Det hjelper ikkje Skakke at Fylkeskommunen hjelper kommunen ut av gjenkjøpsknipa. Om nokon framleis trur det, er det ikkje kommunen som eig og driftar senteret. Det er oss alle i bygda, gjennom bruk, lag og organisasjonar. Me som let oss lokka ut på glattisen av fine ord om langsiktig satsing på vidaregåande skule i bygda, og til slutt ikkje kunne seia nei takk. Økonomisk har det vore blytungt i mange år, men elles har vel huset blitt den suksessen ein håpa på? Når ein på ein vanleg måndagskveld har basar i storsalen, korpsøving i kinosalen, trening i idrettshallen, møter, yrande aktivitet i klatreveggen med meir. Ikkje noko luksushus, men eit brukshus for alle aldersgrupper. Skulen har gymnastikk i hallen, der er andre skulerom, ungdomsklubb og bibliotek. For ikkje å snakka om kino. Det kan vel ikkje vera eit alternativ å setje kroken på døra og sløkkje lyset når nyttårsrakettane har landa? Kva gjer kommunen med gymsal, kor skal me andre gjera av oss. Etne-bygda vil bli fattigare og meir fargelaus. Men huset, Etnemaknaden og institusjonane i og rundt huset er også mykje brukt av folk frå bygdene rundt oss».