Stolen båt i Kvam

— Godt politiarbeid i Odda og Kvam, og gode observasjonar frå publikum har ført til […]

Publisert Sist oppdatert

— Godt politiarbeid i Odda og Kvam, og gode observasjonar frå publikum har ført til at vi no har ein glad eigar som har fått båten sin tilbake, seier lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.
To yngre menn har vedgått at dei tok båten med ein 115 hk motor midt på lyse dagen i Ølen og frakta den med seg til Kvam via Odda.
— Dei hadde først sett seg ut ein båt, men fann ut at den ikkje var god nok. Frekt og freidig tok dei med seg ein annan dei heller ville ha. Planen var å bruke båten i Hardangerfjorden, seier Gjærde.
Han minner om at det er sesong for tjuveri av båtmotorar, og at eigarane må vere observante, særleg for bilar registrerte i utlandet, og folk som fotograferer i hytt og pine. I fjor sommar vart det som kjent tatt 25 motorar på ei lita veke i distriktet.
— Det skjer ofte søndag eller måndag når folk er reist frå hyttene sine.

Powered by Labrador CMS