Rekordløpet blir utfordra i år. For to år sidan leia Okubamichael Fissehatsion (713) løpet frå første start, og gjekk over målstreken til ny løyperekord med tida 33.19.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Sterkt felt langs Åkrafjorden
Zerei Mezngi med årsbeste i verda på 10.000 m, er blant dei 67 påmeldte til laurdagens langdistanseløp i Åkrafjorden. I juli spurta Mezngi, som representerer Spirit Stavanger, frå Sondre Nordstad Moen på 10.000 m og passerte målstreken på tida 28.23; beste tid i verda så langt i år.
Arrangøren opplyser at også Senay Fissehatsion, frå IK Tjalve, stiller. Også han er ein av dei beste langdistanse-løparane i Noreg.
Gisle Sellevold i IF Klypetussen har store forventingar til konkurransen som går på den gamle Åkrafjordvegen, på utsida av Åkrafjordtunnelen.