Stille i testteltet ved Ølen omsorgssenter før dei første kom for å ta prøve. Kommuneoverlegane Elisabeth Winterthun og Terje Kleiven håpar folk er flinke til å teste seg framover dersom dei får luftvegsplager. Dei minner om at ein må teste seg på nytt sjølv om ein har gjort det før. Foto: Jon EdvardsenSmittevernlege Elisabeth Winterthun i Etne kommune og kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord legg planar for å ta imot folk som vil vaksinera seg mot covid-19 viruset.Arkivfoto: Jon Edvardsen
Kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne kommune og kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord.

Sterk oppmoding frå kommuneoverlegane

Sterkt aukande smittetal i Vindafjord og Etne kommune har ført til at kommuneoverlegane Terje Kleiven og Elisabeth Winthertun nå kjem med ei sterk oppmoding til alle innbyggjarar.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag ettermiddag hadde Vindafjord kome opp i 45 smitta, medan Etne stod på 20 personar med covid-19. Som Grannar har skrive aukar talet dag for dag. Blant anna er Sandeid skule, barnehagen i Ølen og Enge skule i Etne direkte berørt av pandemien. Det er venta inn svar på fleire prøvar.

— Situasjonen er uoversiktleg og kommunane driv aktiv smittesporing, konstaterer Kleiven og Winterthun.

Slik situasjonen er i dag vil kommuneoverlegane i dei to kommunane på det sterkaste tilrå desse tiltaka frå i dag og til og med onsdag 24. november:

  • Personar i risikogrupper bør unngå kollektivtrafikk, og sterkt avgrensa talet på nærkontaktar.
  • Arrangement for risikogruppene bør avlysast.
  • Alle planlagde arrangement bør nøye vurderast om dei kan utsetjast eller avlysast dei neste to vekene. Dette gjeld også planlagde gruppeturar osv.
  • Unødige fritidsreiser bør unngåast.
  • Me rår arbeidsgjevarar til å nytta heimekontor der det er formålstenleg.
  • Avgrens besøk til personar som er innlagde i institusjonane i Etne kommune og Vindafjord. I tillegg vil institusjonane innføra forsterka tiltak ved besøk.
  • Breiddeidrettsaktivitetar for personar over 20 år bør unngåast dei neste to vekene.

Kommuneoverlegane minner også om dei generelle råda:

— Hald avstand – Vask hender – ver heime om du er sjuk – avgrens din sosiale omgang!

grannar.no held deg fortløpande oppdatert på smitteutviklinga i Vindafjord og Etne kommune!

Powered by Labrador CMS