Linda Skaar, Halldis Furre og Silje Sælen-Helgesson er klare for å starte Vindafjord og Etne Naturvernforbund.
FOTO: Ann Margit Grønstad
Startar nytt lokallag i Etne og Vindafjord: – Det trengst
Tre engasjerte damer går saman for å starte eit lokallag av Naturvernforbundet. Onsdag 22. oktober inviterer dei til oppstartsmøte på Sanitetshuset i Ølen.
– Det trengst, seier Halldis Furre frå Utbjoa.
– Når me ser rundt oss, på nyheitene, anten lokalt, globalt eller nasjonalt, er det så mange signal no at ein kan bli heilt overvelda. Eg merkar at eg kan bli heilt deppa av det, fortset Furre.
Ho fortel at ønsket om å starte eit lokallag har lege der lenge, men først no har initiativet fått fart.