Stansa ruspåverka sjåfør i Ølensvåg
Ein patrulje frå Sør-Vest politidistrikt stansa måndag kveld eit køyretøy i
Ølensvåg. Føraren, ei kvinne i 20-åra, framstod som ruspåverka.
Det opplyser operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen.
– Klokka 19.40 stansa ein patrulje eit køyretøy. Føraren, ei dame i 20-åra,
framstod ruspåverka. Ho blir framstilt på legevakta for nødvendige prøvar,
opplyser Bjørnsen.