Stadig i vigør på slakteriet
— Eg klarer meg godt, men dei vil gi meg litt pensjon likevel. Det blandar eg meg ikkje opp i, seier Ole Fatland.
Målt i tid og virke er han Fatland-gründeren sjølv om det var faren Severin Fatland som starta slakteri i Sandeid i 1946. Han kom frå Oslo der hans far igjen var i bransjen.
Ole Fatland hadde sine første arbeidstimar på det tidspunktet, og 69 år etterpå er han framleis aktivt interessert i slakteriet sitt ve og vel.