Spennande med ny barnehage
Grunnarbeidet er godt i gang og ringmuren er ferdig. Det som tidlegare var leikeplass mellom dei to barnehagebygningane i Skjold, er i dag eit anleggsområde godt ramma inne av høge gjerde.
Det er ein stille dag på anlegget og ingen gravemaskiner er i arbeid.
— Ungane er nysgjerrige på det som skjer og har mange spørsmål. Dei synest det er stas med jobbemannar, lastebilar og gravemaskiner. Det er kjekt at dei kan få sjå når huset reiser seg, fortel Kirsten Hansen, assisterande styrar i Skjold barnehage.