Sigve Sørheim gjer seg som ordførar uansett valresultat.
Sørheim: — Vemodig
Grannar banka på døra til ordførar Sigve Sørheim eit par timar før røystelokala stengde måndag kveld. Sp-veteranen var spent mens han venta på at resten av formannskapet, som også er valstyre, skulle samlast på tinghuset. Og han var vemodig. Etter åtte år skal han snart forlate ordførarkontoret etter at det nye kommunestyret har konstituert seg i oktober. Og det heilt uavhengig av valresultatet. 65-åringen skal bli pensjonist.
— Eg angrar ikkje på at eg ikkje tok gjenval, det er ikkje det. Men når du har vore her i åtte år, så er dette ein spesiell kveld, seier han.
— Kva tar du til med etter at du forlet tinghuset?