Nils Kjetil Eikemo har dei siste åra fått om lag 60.000 kroner i året frå Posten for å frakte sendingane til bygda si. No er det stopp.ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Nils Kjetil Eikemo har dei siste åra fått om lag 60.000 kroner i året frå Posten for å frakte sendingane til bygda si. No er det stopp.

Slutt på postlevering

Posten tok omkamp etter fire år og la ned postrute i Åkrafjorden.

Publisert Sist oppdatert

Sidan 1993 har Nils Kjetil Eikemo vore postberar i bygda i Åkrafjorden utan vegsamband. No er det slutt. Oppseiinga kom i mai. Posten vil ikkje lenger bruke 60.000 kroner i året for at dei fire husstandane skal få rekningar, aviser eller postkort sendt til grenda. Og hyttefolket får ikkje lenger sendt posten dit i feriane sine, som dei har vore vane med.

Posten Norge har bestemt at dei må krysse fjorden for eiga rekning, og henta posten sin på Viskjer, ved E134: Posten har vurdert at någjeldende ordning for distribusjon av postsendingar til mottakere i Eikemo er å anse som urimelig kostnadskrevende», skriv Posten sin distriktssjef, Margrethe Gundersen i brevet som husstandane fekk i vår. Brevet er datert 25. mai, og vedtaket hadde verknad frå 1. september.

Posten Norge truga med å fjerne Eikemo frå kartet så seint som hausten 2012. Den gongen tok ordførar Sigve Sørheim (Sp) og fleire stortingspolitikarar tak i saka. I staden for å leggje ned, landa Posten på at dei vil betale for levering av post tre dagar i veka. Men no har Posten gjort eit nytt vedtak. Utan å orientere kommunen. Og den lokale kampvilja på Eikemo er ikkje lenger like sterk som for tre år sidan.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS