Skulen må ta byrda
I eit heller udramatisk budsjett får skulen i Vindafjord 1,3 millionar kroner mindre å rutte med i forslaget frå rådmannen.
Også administrasjonen må spare pengar neste år i rådmann Kristian Birkeland sitt budsjettforslag som vart lagt fram i kveld. Men blant tenestene, er det skuleverket som skal spare to stillingar.
Vindafjord har som kjent fått over 4 millionar kroner mindre å rutte med som følgje av statsbudsjettet for 2018 som nyleg vart lagt fram.
Vanskelege tider
Tilbod og velferd skal ikkje bli mindre slik rådmannen presenterer budsjettforslaget for neste år. Den ukjente faktoren utanom kutt, som skulen blir til del, er nye behov som ikkje blir innfridde med friske pengar.
Rådmann Birkeland sin diagnose er kort og godt at kommunen er inne i ei vanskeleg tid. Også fordi næringslivet merkar nedtur i tilknyting til mindre aktivitet i oljebransjen.
Men har gir likevel ei positiv vurdering av det kommunen får ut av inntektene sine. For det meste vidareføring av drifta og planlagde investeringar, slik han formulerer det.
— Eg er tilfreds med at vi klarer å halde stø kurs. Det er ikkje dramatikk i nokon retning i forslaget, og stabilitet er betre enn å gå frå skanse til skanse, seier han.
For lite i omsorg
Han peikar på at kommunen først og fremst har utfordringar i pleie og omsorg. Der er det behov som budsjettforslaget for neste år, ikkje innfrir.
Av satsing er det frigjort litt pengar til velferdsteknologi og digital utvikling.
I følgje rådmannen er det kutta 2 millionar og omfordelt 2,5 millionar kroner i budsjettforslaget hans.
Dessutan går det høge investeringsprogrammet sin gang som langt frå berre handlar om nybygg i Ølen som alt er i gang. Skjold skal blant anna få ei ny avdeling i barnehagen med ein prislapp på 15 millionar kroner, der det også er sett av pengar tidlegare.
Les meir om budsjettforslaget i Grannar på torsdag.