Einar Haugen (t.v.) og Jens Birger Gjerde på den raserte skogsvegen.
Skogsvegar øydelagde
Grunneigar Gert Eilerås har vegrett i den første delen av traseen som er brukt. Men då skogsmaskinane tok retning mot skogen som Eilerås ikkje er eigar av, tok dei i bruk ein veg han heller ikkje har vegrett til. Og dette hskjedde i ei tid i sommar kor grunnen var mykje blautare enn normalt grunna den veldig våte vêret. Dette førte også til større skadar på skogsvegane enn kva som er normalt. Dei tunge skogsmaskinene regelrett raserte ein veg som grunneigarane sjølv har kunne køyre privatbil på før inngrepet skjedde.
— Det er gale, at så mykje veg skal bli øydelagt, særleg når den som er ansvarleg for saka ikkje eingong har vegrett her, seier Jens Birger Gjerde og Einar Haugen, to andre grunneigarar i området som begge har vegrett i lag med Torstein Børve
Dei fortel at ingen hadde planar om å ta ut tømmer frå området med det første, og at den øydelagde vegen skapar problem for dei. Mellom anna under hjortejakta