Frå torsdagens kontroll i Ølensvåg.Foto: Statens vegvesen
Frå ein tidlegare kontroll i Ølensvåg. Onsdag var dei der og i Sandeid, Vikedal og Skjold.

Sjekka mange trafikkantar i Vindafjord

Statens vegvesen gjennomførte onsdag ein trafikkontroll med fokus på bilbelte og lette køyretøy i Ølensvåg, Sandeid, Vikedal og Skjold.

Publisert Sist oppdatert

— Me er svært nøgde med at ingen vart stoppa for manglande bruk av bilbelte, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Likevel vart det avdekt fleire andre forhold. Fem køyretøy fekk skriftlege pålegg om å utbetra tekniske feil. Ein førar med varebil og tilhengar måtte stoppa for å lasta om og reparera lys før han kunne køyra vidare.

— Det er ikkje tillate å lasta oppå karmane, og last som stikk meir enn ein meter bakover må merkast, skriv Statens vegvesen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS