Seier nei til Skakke
Arne Frøkedal arne.frokedal@grannar.no Det omstridde namnespørsmålet var oppe som eiga sak då sogelaget i førre […]
Arne Frøkedal
arne.frokedal@grannar.no
Det omstridde namnespørsmålet var oppe som
eiga sak då sogelaget i førre veke avvikla sitt årsmøte. Eit klart fleirtal sa
nei til Skakkesenteret» og røysta for eit framlegg frå fleirtalet i styret om
å bruka namnet Etne Kulturhus». Initiativet kom frå styremedlem Ingolf
Vevatne.
— Eg var blant dei få som røysta for
Skakke-namnet, opplyser Einride Aakra, leiar i sogelaget.
40 mot tre
Skakkesenteret» dukka opp som namn då det
store byggeprosjektet, som skal romma både kulturhus, idrettshall, bibliotek og
vidaregåande skule, blei presentert i fjor sommar. På nyåret har debatten om
namnet gått i Grannar sine spalter.
På Etne Sogelag sitt årsmøte røysta rundt
40 personar på framlegget om å halda fast på Etne Kulturhus». Berre tre støtta
Skakke».
— Namnet på det nye kulturhuset er noko
som gjeld oss alle, særleg dei som skal ta huset i bruk. Difor vil me i
sogelaget meina noko om det, og vil rå andre lag til å gjera det same, heiter
det i fråsegna. (Sjå side 2!)
Meir enn kulturhus
Nils Halleland, som er styreleiar i Etne
Kulturhus BA, synest det er flott at namnet engasjerer og at folk bryr seg om
prosjektet. Han er kjent med vedtaket i sogelaget, men har så langt ikkje
registrert tilsvarande utspel.
— Me har vedtatt at prosjektet skal heita
Skakkesenteret» og står på det.
Eg skjønar at ikkje alle meiner det er rett å identifisera bygget med
eventuelle negative sider med Skakke, men i denne samanheng meiner eg det
fungerer.
Erling Skakke var ein markant person og
det fremste namnet i Etne frå Etne i historieskrivinga. Dessutan blir dette
meir enn eit kulturhus, og me meiner det er rett å bruka eit namn som tar omsyn
til at det er fleire partnarar i dette laget, seier styreleiaren i selskapet
bak utbygginga.