Landbruk
Satsar med nytt fjøs
Haukakvamsvegen opp frå sentrum av Sandeid har hårnålsvingar som gjer at semitrailerar ikkje kjem opp. Følgjeleg kjem takstolane med helikopter.
Dalen som for folk utanfor Sandeid kan vera ukjend, ligg på flatane over sentrum av bygda. For 50-60 år sidan var det 12-14 bruk der, alle med kyr, men no har strukturendringane i landbruket gjort at det berre er to mjølkebønder att.
— Eg tok heimgarden min på odel i femte generasjon. Eg hadde lite lyst til å vera den generasjonen som slutta med mjølkeproduksjon, seier Jørn Apeland.