Sander Hauge Christiansen og David Øren (innfelt) fekk utmerkingar i FKH sitt Kraftakademi i 2024.Fotomontasje: Grannar
Sander (14) og David (18) heidra i FKH sitt Kraftakademi
FK Haugesund sitt Kraftakademi har gjennom åra blitt eit symbol på talentutvikling og dedikasjon. Denne sesongen har Sander Hauge Christiansen frå Ølen og David Øren frå Etne imponert med sin innsats på banen. Begge spelarane har vist ei utvikling som ikkje berre reflekterer deira eigne evner, men også kvaliteten på akademiet dei representerer. Sander Hauge Christiansen vart kåra til årets spelar i for G14, og David Øren blei årets spelar for G19.
Det blei delt ut prisar for årets spelar, årets poengkonge og ikkje minst for årets talent.
I G12-klassen gjekk prisen til Carlos Romero, mens Sverre Erlandsen blei kåra til årets spelar i G13. Sander Hauge Christiansen fekk utmerkinga i G14, og Gustav Olsen Holmen blei heidra i G15-klassen. I G17-klassen gjekk prisen til William Valenza, mans David Øren vart kåra til årets spelar for G19.