Samlast om juletrehogsten
Åse Hjelmervik — Er det berre eg som ikkje har funne tre nå? Seier […]
Åse Hjelmervik
— Er det berre eg som ikkje har funne tre nå? Seier Elin Tvedt.
Tidlegare vêrmeldar, programleiar, Skal vi danse-deltakar», og sist, men ikkje minst, ølensbu Elin Tvedt, lyser rundt seg i desembermørket. I edelgranfeltet til Lars Olav Larsen i Sandeid plar ho og systrene å samlast for å gå på leit etter det perfekte juletreet. Nina Tvedt og sambuar Vidar Miljeteig har alt funne sitt utvalte juletre, og tek no i mot siste del av søstertrioen Tvedt, Anita. Det er hennar svigerfamilie som starta den sosiale juletrehogsten i Sandeid, men søstrene Tvedt med familiar har vore med i fleire år nå. Nina Tvedt kan fortelje at det er første gong dei har henta juletre på kvelden.
— Me plar ta ein dag her i Sandeid der me hogg tre. Etterpå går me opp på nissefest i loven til Torgeir Øverland, og der et me graut og får besøk av nissen. Det er veldig koseleg, og kjekt for ungane, seier ho.
Kjekt i mørket
Det ser ut som det er kjekt for ungane i mørket og, med eller utan lommelykter leiker dei mellom dei mange trea på feltet, gøymer seg for kvarandre og spionerer på dei vaksne. Barnelatter er i alle fall å høyre rundt over alt.
— Er det kjekt å vere med å hente juletre?
— Kjempekjekt! Eg trur eg har vore med på dette i ni år nå. Eg gler meg til det kjem pakkar under der, fortel Mathias Tvedt Andersen (9 år).
Thomas Tvedt Haarde (6 år) syns det kjekkaste med juletresankinga er å spionere.
— Kven spionerer du på da?
— Alle! kjem det kontant frå den blide guten.
Det er mannfolka som står for saginga. Frode Haarde og sambuar Anita Tvedt finn også temmeleg raskt årets juletre, og sagar det ned. Etterpå poserer han med treet over hovudet for Anita, slik at ho får tatt eit bilete av den sterke karen.
Koseleg tradisjon
Til sist er det Elin sitt juletre som er att å finne. Dottera Milla Tvedt-Steinstø (1 ½ år) blir plassert hjå tante Nina, slik at mamma Elin kan gå grundig til verks i juletrevalet. Ho fortel at då ho var liten, minnast ho at ho var med på juletrehogst der mora kjem frå, men at det ikkje var nokon tradisjon i deira familie å vere med på juletrehogst.
— Er det ikkje enklare å kjøpe juletre nå til dags da?
— Me gjer det jo for kosen sin del, ungane syns det er veldig stas, i alle fall dei som hugsar at dei var med på det i fjor, fortel Anita Tvedt.
— Eg har funne treet! Frode, kan du kome med saga? ropar Elin mellom trea.
— Er det så fint då? kjem det nølande frå ein av mennene.
Ho endrar meining, og finn raskt eit nytt tre. I det Frode Haarde skal til å sage, spør han om det er framleis dette treet ho skal ha.
— Ja, ler Elin, medan treet fell i bakken.
Lars Olav Larsen, som eig edelgranfeltet, fortel at han helst held på med juletresal for trivselen sin del.
— Folk kjem med ungar og barnebarn for å finne det perfekte treet, det er veldig skoi. For det meste steller dei seg sjølv, enten dei hogg treet der og då, eller merkar det og hentar det ved eit anna høve. Her kan dei kosa seg ute i naturen, og det skapar stemning når ein får hogge sit eige tre. For mange vert det ein koseleg tradisjon, seier han.
Søstrene Tvedt er i alle fall samde om at dette er ein tradisjon dei vil føre vidare til sine ungar.
— Det er jo ekstra kjekt med tradisjonar nå som det er jul, avsluttar Anita Tvedt.