I samla tropp gjekk representantar for næringslivet i Etne og Vindafjord inn til Olalihytta torsdag førre veke til det populære arrangementet NæringsGiv. Eit initiativ til å knyta nærare band mellom dei ulike verksemdene i distriktet.
Årets bedrift
Konsernsjef for Fatland på Jæren, Terje Wester, starta det heile med å fortelje om Fatland si vekst frå å vera eit lite slakteri for 125 år sidan, til å bli Noregs største privateigde matproduksjonsselskap i dag. Framleis er veksten stor og nettopp derfor vart Fatland kåra til årets bedrift under prisutdelinga.