Rykka ut, men fann ikkje stein

Politiet fekk mange telefonar sundag morgon då ein stor stein låg til hinder i vegbana like før Fjæratunnelen i retning frå Etne. Operasjonleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Agnar Martin Austerheim, opplyser at politiet kontakta Statens Vegvesen for å få fjerna steinen. På denne tida hadde allereie publikum kontakta vegtrafikksentralen som hadde sendt ein RISA-bil for å gjere oppgåva. Men då bilen kom fram 50 minutt etterpå, var steinen borte, fortel vaktoperatør ved vegtrafikksentralen, Idar Sangolt.

— RISA køyrde fram og tilbake i tunnelen for å vere sikre, men steinen var borte vekk. Ikkje fann dei den dumpa i ei grøft heller. Her har nokon tatt saka i eigne hender, seier han.

Powered by Labrador CMS