For tredje gong sidan bilbanen i Vikedal var ferdig for snart 35 år sidan står NMK Vikedal som arrangør av norgesmeisterskapet i rallycross og rallycross jr. Startskotet for årets NM i rallycross gjekk i byrjinga av mai på Gardermoen Motorpark, og til helga er motorbanen i Vikedal i sentrum, klargjort for å ta i mot eliten av rallycrossførerar her i landet i kamp om viktige NM-poeng. 86 rallycrossførarar har meldt seg på denne andre av til saman seks rundar som inngår i NM, og i år kan dei gleda seg over eit forbetra anlegg både for utøvarar og publikum på motorbanen i Vikedalsdalen.
— Arbeidet har vore planlagt eit par år, og når me får eit så stort løp, gir det oss også høve til å fiksa opp. Nå har me brukt over éin million på oppgradering av anlegget, seier leiaren i NMK Vikedal, Karina Nonslid, og er godt nøgd med alt arbeidet som er gjort.
Mange endringar