Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det var stor interesse for møtet om rovdyrskader i regi av Etne Sau og Geit.

Rovdyrskadar under lupa

Publisert

Bønder i Etne opplever at stadig fleire dyr forsvinn på utmarksbeite. Årsaka er samansett. Somme døyr av sjukdom, andre av skadar, men at rovdyra er skuld i ein del av forsvinningane kan ikkje utelukkast. Statistikk frå Rovbase viser at totalt 24 870 dyr her til lands er dokumentert å ha blitt skada av rovdyr dei siste ti åra. I Vestland fylke er talet 331. Jerv, gaupe og kongeørn står for dei fleste rovdyrskadane på landsbasis, tett følgt av ulv og bjørn. 

I Vestland er det kongeørn og jerv som dominerer. I 2025 blei det i Vestland fylke dokumentert 14 skadar frå jerv, 2 frå gaupe og 17 frå kongeørn, medan det i Etne kommune er dokumentert ein skade frå gaupe og to frå kongeørn dei siste ti åra. I tillegg kjem ein skade påført av jerv i fjor, men den er klassifisert som usikker. 

Under eit ope møte i regi av Etne Sau og Geit på Grønstad skule stod rovdyr og rovdyrskadar på programmet, og i løpet av kvelden blei dei frammøtte orientert om funn, skadar og korleis bøndene skal gå fram for å rapportera rovdyrskadar.

Powered by Labrador CMS