Riddaren av mat

Kari Aakra Finn Ove Solberg er ein av to nordmenn som er blitt slegen til […]

Publisert Sist oppdatert

Kari Aakra

Finn Ove Solberg er ein av to nordmenn som er blitt slegen til riddar av Laurentius-ordenen. Saman med lærarkollega Klaus Magnus Berg Hansen frå samarbeidsskulen Breivika i Tromsø, blei han 15. august riddar i brorskapet.
Laurentius-ordenen består av kokkar og bakarar i Tyskland og nokre av dei mellomeuropeiske nabolanda, og tidlegare er det ingen andre utlendingar» som har fått æra. Den store utmerkinga kom som følgje av sju års engasjement for utvekslingssamarbeidet mellom kokkeutdanninga i Ølen og den vidaregåande skulen BBS1 i Mainz.

— Eg fekk brev i posten om å møta opp, og det kom nærast som julekvelden på kjerringa. For tyskarar er dette høgstatus, men sjølv tykte eg nesten berre det var flaut. Det var ikkje mange så fekk vita det før eg reiste, ler ritter Solberg».
Ingen mystikk

Saman med Solberg blei seks personar slegne til riddarar denne dagen. Det heile gjekk for seg i særdeles høgtidlege former i Kølnerdomen, der over 4.000 Laurentius-brør overvar seremonien med sverdslag, flagborg og messing på latinsk.

— Det var full pakke. Presten tok heile seremonien på latin, tysk og engelsk. Det kjendest som eitt år, men varte berre halvannan time. Alle lauga i Tyskland som tilhøyrte ordenen, var samla, og etter seremonien var det parade med flagborg og 4.500 kokkar gjennom byen Køln. Ei gudsteneste i Noreg er lite samanlikna med dette, fortel riddaren frå Skånevik.
Solberg understrekar at det verken er mystikk eller store løyndommar i brorskapet, og meiner det er nesten like ope som ein syklubb.

Det er ikkje noko slarv når Laurentius-ordenen innviar nye riddarar. — Det kjendest som eitt år, men det varte berre halvannan time, fortel Solberg. foto: privat

Å bli innlemma i brorskapet er den høgaste æra for ein fagmann innan mat i Tyskland.
— St. Laurentius-dagen er 17.mai og julaftan på ein gong for dei i matbransjen der nede. Det er ei stor hending som blir nøye omtala i tysk media. Etter at eg blei riddar har det opna seg nye dørar for oss. Folk har ei heilt anna haldning til meg, og møter oss med fagleg respekt, og truverd. Nå har me også fått elevane våre inn som lærlingar i dei beste bedriftene i området rundt Mainz, der me ikkje fekk innpass i før, seier Solberg, som nå kan sørgja for at eigne ølenselevar får kokkepraksis ved handplukka toppkjøkken i Tyskland.

Gjennom rektor ved Ølen vidaregåande skule, Ingrid Søndenaa blei Solberg og kollega Gunnar Langhelle, utfordra av delstatspresidenten Kurt Beck i Rheinland-Pfalz til å servera norsk jul under ein middag for delstatsregjeringa i 2002. I fjor stilte Ølen vidaregåande ved Solberg med norsk lokalprodusert mat til 2.000 bransjefolk i Wiesbaaden.

Heime i Noreg har han ikkje snakka særleg høgt om det, men som ein riddar av Laurentius ventar det ei plikt som likevel kan visa att i bygda hans.
— Ordenen har avdelingar, eller komturei», i alle byar der dei har medlemmer. Det betyr også at eg må etablera eit komturei i Skånevik. Det er ei heilt klokkeklar målsetjing frå leiinga i Tyskland. Men eg veit ikkje heilt korleis eg skal ordna det, ler riddar Solberg.

Over 4.000 kokkar var samla under seremonien i Kølnerdomen. — Å komma inn dit var heilt spesielt berre i seg sjølv. Kor mange har gått med for å laga denne» tenkte eg då eg gjekk inn, fortel riddar Solberg.

Powered by Labrador CMS