Retroinspirert sommarmarknad
Eit yrande liv og salsbord med alt frå bunadsknivar til heimelaga bakst. Dette var noko av det som venta dei tilreisande til sommarmarknad i Fjæra i Etne.
Mange hadde leita i skapet og funne fram klede for anledninga. Dei retroinspirerte kleda utgjorde ei fargerik samansetning som blei eit ekstra krydder på marknadsstemninga.