Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Rekordresultat for Norsk Tipping gir ein halv milliard meir til idretten
Norges idrettsforbund kan jubla over 2024-resultatet til Norsk Tipping. Aldri før har spelselskapet gått meir i pluss, og det kjem idretten til gode.
Tysdag kunngjorde Norsk Tipping
eit overskot på 8038 millionar kroner i 2024, ein auke på 951 millionar kroner frå året før.
I ei pressemelding frå idrettsforbundet kjem det fram at 4254 millionar kroner skal fordelast til idretten, som representerer eit løft på over 500 millionar kroner samanlikna med 2023.