Rekord i konkursar
I løpet av 2009 blei det registrert totalt 6475 konkursar og tvangsavviklingar. Dette er ein […]
I løpet av 2009 blei det registrert totalt 6475 konkursar og tvangsavviklingar. Dette er ein auke på 36,2 prosent sett opp mot 2008.
– Dette er det høgaste talet på konkursar og tvangsavviklingar me har registrert sidan Konkursregisteret blei oppretta, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.
Butikk/handel, bygg/anlegg og hotell/restaurant er dei næringane som er hardast ramma av konkursar og tvangsavviklingar.
Rogaland hadde 308 konkursar i 2009, som er ein auke på 41,9 prosent, og 97 tvangsavviklingar, pluss 21,2 prosent.
Hordaland er registrert med 451 konkursar, 57,7 prosent opp. Her var det 165 tvangsavviklingar, som er ein auke på 47,3 prosent frå året før.
Desember er unnataket
– Me har registrert rekordmange konkursar og tvangsavviklingar. Etter sommaren ser me likevel at auken har flata noko ut, seier underdirektør Karl Erik Rørmark. I desember 2009 er det ein nedgang i talet på konkursar og tvangsavviklingar med 14,3 prosent sett opp mot same månad i 2008. (Høvesvis 401 mot 468).
I 2009 er det Finnmark fylke som har hatt den største auken i talet på konkursar og tvangsavviklingar med 100 prosent. (104 i 2009 mot 52 i 2008). Vest-Agder er nummer to med ein total auke på 75,4 prosent (228 mot 130), mens Hedmark aukar med 55,8 prosent (215 mot 138). I Nord-Trøndelag aukar talet på konkursar og tvangsavviklingar minst med 11,6 prosent (125 mot 112).
Det er flest konkursar og tvangsavviklingar i fylka Oslo (1241) og Akershus (703). Den prosentvise auken frå 2008 er på høvesvis 29 og 28,1 prosent.
NUF
Norske utanlandske føretak (NUF) har 502 konkursar og tvangsavviklingar. Dette er ein auke på 75,5 prosent i høve til året før. Det er flest konkursar og tvangsavviklingar i private aksjeselskap (totalt 4.675), med ein prosentvis auke på 38,6 frå 2008.
Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekka pliktene sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.
Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan òg tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.