Regn i bøtter og spann
Men snart sol i vente.
Stormen Lena blei avløyst av restane frå det tropiske orkanen Bertha. Om måndagen blei våt i distriktet, var det tysdag fullt opne sluser. Ved målestasjonen i Vats blei det tysdag morgon registrert 36 mm nedbør siste døgn.
Lokalt kom det spesielt store nedbørsmengder i Vindafjord. I Skjold gjekk dette blant anna ut over det store veganlegget på E134. Her var det ein periode trafikale hindringar då ein god del jordmassar raste ut i vegen.
I Dalsbruket på Bjoa førte det kraftige skybrotet rundt middagstider tysdag utslag i eit rask stigande vassdraget. Og i ein periode var det umogeleg å ta seg fram med bil.
NVE varslar flaum i Rogaland både tysdag og onsdag. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for dei same dagane, og melder 50-80 mm nedbør i døgnet.
Utpå onsdagen vil vêret letta og det er gode sjansar for ein del sol fram til helga.
Send tips eller bilde frå uvêret til redaksjon@grannar.no,eller ring oss/send MMS til tlf 93255990.