Norges Miljøvernforbund reagerer på blå røyk som stammar frå skjerebrenning i malt metall hos AF Offshore Decom i Vatsfjorden. Fleire representantar frå forbundet var i Vats for å sjå på aktiviteten frå sjøen. Dei stiller spørsmål ved korleis oljeskipet Curlew» skal hoggast opp. 182 tonn med avleiring som kan vere radioaktiv er i skipet.
Foto: Privat
Reagerer på blå røyk frå anlegget i Vats
Norges Miljøvernforbund med Ruben Mjelde Oddekalv i spissen var i Vatsfjorden for å sjekke tilstanden. Oddekalv meiner blå røyk frå anlegget til AF Offshore Decom tyder på uheldige utslepp.
— Vi har sett at det er mykje røyk og støvflukt frå anlegget, til tider som ein dis over Vatsfjorden. Lokalsamfunnet hentar drikkevatn rett over anlegget og det bør bekymre, seier Ruben Mjelde Oddekalv.
Han er leiar for Noregs Miljøvernforbund som har følgt AF Offshore si opphogging av plattformar på Raunes sidan starten. Ei eiga lokalavdeling vart etablert i Vats for fleire år sidan.
Bekymra for drikkevatn