Rasfare

Men så er det vel òg lett å gløyme rasfarlege vegar når sola skin frå […]

Publisert Sist oppdatert

Men så er det vel òg lett å gløyme rasfarlege vegar når sola skin frå ein kald blå himmel og vegen er turr. Som det er med så mykje ein skal ha gjort, er det vel med dette også. Dei tildelte ressursane er ikkje i samsvar med utfordringane me har innan samferdsle.Me misunner ikkje politikarane som har jobben, det er ein svært vanskeleg jobb.

Mange meiner det må vera ei prioritert oppgåve å utbetra det eksisterande vegnettet føre dei nye gigantprosjekta rundt byane. Rassikring er viktig for å få bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for næringslivet i distrikta. Regjeringa gjekk inn for at det i perioden 2006-2015 skal brukast om lag to milliardar kroner til særskilte tiltak som sikrar mot ras på vegane. Midlane kan nyttast både på riks- og fylkesvegar. I tillegg vil det innanfor den ordinære ramma for riksveginvesteringar bli gjennomført ei rekkje utbyggingsprosjekt som mellom anna vil gi vesentleg betre rassikring på fleire utsette strekningar. Dette går fram av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2006-2015.

I fylke med rasutsette strekningar er det stort lokalt engasjement for å få sikra desse strekningane. Samferdsledepartementet legg til grunn at fylkeskommunane følgjer opp dette lokale engasjementet og at dei i sine handlingsprogram prioriterer tiltak som er med på å sikre rasutsette vegstrekningar. Dette vil, saman med regjeringa sin satsing på om lag to milliardar kroner, gje rom for styrka rassikring av vegane i planperioden. I fjor løyvde regjeringa 11 millionar kroner til rassikring, i år fem millionar mindre. I fjor var det også tilbakebetaling av rassikring i Gloppedalen som var prioritert, framfor rassikring av nye vegstrekningar. Samferdsleministeren og ikkje minst vår lokale Statssekretær Steinulf Tungesvik bør lytta til folkevalde fylkespolitikarar som ynskjer å prioritera slike midlar til å sikra, framføre firefeltsvegar. Det står om liv på vegane rundt i utkantane, i byane står det oftast om tida. Våre valde politiske representantar må einast om dei beste sakene og kjempa for at distrikta ikkje sakkar akter.

Powered by Labrador CMS