Moritz Rabinowitz og hans kone Johanna fotografert i 1917.
FOTO: GUSTAV BORGEN/NORSK FOLKEMUSEUM
Rabinowitz-film kan få scener frå Skånevik
Den polskfødde forretningsmannen Moritz Rabinowitz, som bygde opp eit nordisk klesimperium med base i Haugesund, såg tidleg kva regime som kunne treffe Europa då Hitler tok makta i Tyskland. Han skreiv både bok, lesarbrev i aviser og sendte telegram til statsleiarar om si uro. Han vart etter kvart så brysam for nazistane at han sto øvst på Hitler si liste over kva jødar som skulle takast då tyskarane okkuperte Noreg i 1940.
Allereie 10. april 1940, dagen etter at okkupasjonen var eit faktum, vart Rabinowitz etterlyst av okkupasjonsmakta. Han skjønte sjølv at han ville bli jakta på, og gjekk i dekning. Han flytta mellom forskjellige garder i Grannar-distriktet, før han 4. desember vart arrestert av Gestapo på øya Toftekalven. I 1942 vart han drepen i konsentrasjonsleiren i Sachsenhausen.
Filmskaparar frå Haugesund