—Me må berre ta oss litt tid til å suge til oss utsikta her, sa Sweet-gitarist Andy Scott mellom to låtar under bluesfestivalen førre fredag.
Utsynet frå scena gjekk over ei tett forsamling med engasjerte publikummarar, og rett ut i ein disig solnedgang over Skåneviksfjorden. Det var riktig så idyllisk å sjå til, og den mykje omtalte lekteren fungerte fint som eit supplement til konsertarealet. Skulle ein ta banda på scenen nokon lunde nært i betraktning, måtte ein riktig nok bevege seg inn på land, på området rett utafor House of Blues.
70-tals glam og Chicago-blues