Problemrigg tilbake i Ølen

Aker Spitsbergen kom i dag tilbake Westcon for ytterlegare arbeid. Der skal den nye Røkke-riggen […]

Publisert Sist oppdatert

Aker Spitsbergen kom i dag tilbake Westcon for ytterlegare arbeid.
Der skal den nye Røkke-riggen inn for utbetring av sveisefeil i eit røyrsystem.

Selskapet sendte måndag ut denne pressemeldinga:
— Aker Drillings sjettegenerasjons borerigg Aker Spitsbergen går nå til kai i Ølen. Årsaka er oppfølging av sveisefeil i eit røyrsystem som vil bli nærare undersøkt før riggen kan stikka til havs og påbegynna boring.

I avslutninga av det opphavlege testprogrammet blei det avdekka behov for nærare undersøkingar av eventuelle sveisefeil i røyrsystem om bord og enkelte mindre lekkasjar. Disse vil nå bli nærare undersøkt. Aker Drillings konsernsjef, Geir Sjøberg, vil ikkje spekulera på kor lenge riggen blir liggjande til kai.

— Me har avdekka tilsvarande kvalitetsfeil og lekkasjar på søsterriggen Aker Barents. Her har me valt å handtera feila fortløpande, utan at det på nokon måte har gått ut over verken tryggleik eller effektivitet. Lekkasjane er i sjøvassystemet og utgjer dermed heller ikkje nokon miljømessig risiko, opplyser Sjøberg.

Aker Spitsbergen gikk på kontrakt i slutten av august. Riggen har lege i Klosterfjorden øst for Stord sidan den gong, og testprogrammet har stadig blitt forsinka av små og store uføresette hendingar. I oktober måtte for eksempel en av generatorane om bord demonteras og sendast til Spania for reparasjon.
Riggen hadde eit lengre opphald ved Westcon i sommar.

Powered by Labrador CMS