Positive tal for Etneelva
Etneelva har dei siste fem åra vore meir stengd enn open. Grunna låg bestand av villaks vart den nasjonale lakseelva stengd i både 2010 og 2011. I 2012 og 2013 var den open att, før årsmøtet i Etne elveeiarlag ikkje hadde anna val enn å stengje igjen i 2014 og 2015, med påfølgjande store tap for eigarane og reiselivet i Etne.
Men registreringane frå fiskefella i Etneelva sist haust vis ei særs positiv utvikling.
Medan ein i 2014 berre talde 456 villaks, var talet då ein tok opp fella i november i fjor oppe 2.530.