Politiets bluesfestival
Fem saker med promille og båt er statusen til Haugaland og Sunnhordland politikammer sundag morgon. […]
Fem saker med promille og båt er statusen til Haugaland og Sunnhordland politikammer sundag morgon. Men også eit par stygge valdssaker oppstod siste natta.
Politiet hadde alliert seg med Kystvakta, og halvannan time før midtnatt, blei ein båtførar i 40-årsalderen tatt, mistenkt for promillekøyring
Like over midtnatt kom det melding om krangel mellom eit sambuarpar. Politiet måtte gripa inn, og sendte dei hissige partane til kvar sin stad.
Ein liten time seinare kom politiet over ein skadd person, utan at det førebels er klart kva som har skjedd. Politiet frakta personen til ambulanse, som transporterte vidare til legehjelp.
Like etter blei det rapportert om ein medvitlaus person på kaien. Både politi og ambulanse rykte ut. Det viste seg at ein person i 30-åra hadde blitt utsett for uprovosert vald med han roleg stod og åt. Personen blei slått i ansiktet slik at han fall i bakken.
Gjerningsmannen var sporlaust borte då politiet kom.
Mellom kl 01.46 og 03.36 er det loggført fire saker med menn i 20- og 30-åra som er tatt av Kystvaken mistenkt for å ha ført båt med promille.