Geir Arne Eikemo etterlyser respons frå politiet etter at han meldte frå om ein moped som var dumpa i Åkrafjorden.
Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Politiet tok ikkje affære
For vel 14 dagar sidan oppdaga Geir Arne Eikemo ein moped som var dumpa utfor kaien på Viskjær i Åkrafjorden. Neste ettermiddag, fredag, kontakta han politiet, men kom berre fram til ein telefonsvarar. Måndag ringte Eikemo igjen og fekk meldt frå om dumpinga til Sør-Vest politidistrikt, utan at noko skjedde.
Tidleg denne veka tok Eikemo-bebuaren kontakt med Grannar då han såg at mopeden framleis låg i sjøen. Ved Etne og Vindafjord lensmannskontor får Grannar opplyst at meldinga ikkje har blitt registrert i deira logg.