Konsentrert lytting til Ola Steinsland i Hordaland Sau og Geit. Frå venstre påtroppande leiar Dorthe Svantesvold, Kristin Silde Frønsdal, Else Merete Frette, Kristian Nordgård (skjult), Vidar Aastvedt og Oddbjørn Sande.
Nils Tokheim
Sauebønder mistar ti prosent av besetningane
På møtet blei stafettpinnen som leiar gitt til Dorthe Svantesvold som tek over eit aktivt lag med ein kvart million kroner på konto.
Ein av dei som har vore med på å redusera tap av besetning er tjueto år gamle Sjur Håland. Han fekk premie for å ha felt flest revar med tjue dyr. Sjølv var han ikkje til stades, men far Geir Håland tok imot premien og det skein gjennom at han er og har vore ein god læremeister for sonen.
— Det er blitt eit interessant gjeremål for Sjur dette, og han er ute på jakt svært ofte. Han legg ned mange timar til nytte for alle sauebøndene, seier Geir Håland.